Om oss
Ridning/hesteskyss:
Jeanett Skophamar
6879 Solvorn
Tlf: 41510838
E-mail: jeanett__@hotmail.com
Highland Cattle:
Kurt Bjørnethun
6879 Solvorn
Tlf: 90571858
E-mail: kubj@online.no
På garden Bjørnethun i Solvorn har eg eit tilbod til alle som ynskjer å læra å ri og vera i kontakt med dyr. På garden er det hestar og ponniar, høner og Skotsk Høglandsfe. I tillegg til ridning er det og mulighet for køyring med hest og vogn, og me tilrettelegg opplegg etter ynskje og behov. I omgangen med hest legg eg stor vekt på sikkerhet, og at alle skal få ta del i alt som høyrer hest til: stallarbeid, fôring, stell, m.m.
RIDNING ER FOR ALLE!
Ta utfordringen – lær deg noko nytt og kom i form. Ridning er for alle! Det er deg det kjem an på, ha det kjekt eller lær deg ”den edle ridekunst”. Uansett er du/dykk hjarteleg velkommen til oss!
Solvorn Hest tilbyr eit breitt program; ridekurs, turridning, hesteskyss, brudeskyss, kanefart og ponny - party. Ein tur på ein trygg hest er ein av dei beste måtar å finne formen på. Ridning passar for alle, uansett fysisk og psykisk helse. Ridning utviklar balanse, koordinasjonsevne og styrke. Hest og ridning er ein sunn og sosial hobby der vaksne, barn og unge lærer å omgås dyr, samt å ta ansvar for dyra. Når du rir kombinerar du læring og moro med trim og mosjon. Du styrkjer holdning, byggjer musklar, reduserar stress og aukar blodsirkulasjonen. Ridning er ein av dei former for mosjon som aktiviserar flest muskelgrupper samtidig. Alt du gjer for hesten verkar positivt på deg sjølv, og gir deg ein fin avveksling i kvardagen.




